Hopp til innhold
X
Innhald

Samnorsk

Samnorsk, eit tenkt framtidig skriftspråk bygd på sameining av bokmål og nynorsk.

Tanken om samnorsk vart for alvor lagd fram av Moltke Moe i 1906 i eit foredrag i Bymålslaget, «Norsk og dansk sprogdragt», og vart ført vidare i artikkelen «Nationalitet og kultur» i Samtiden i 1909.

Men tanken om å redusere skilnadene mellom dei to skriftspråka bokmål og nynorsk slik at dei etter kvart kunne vekse saman til eitt, hadde vore framme alt i 1880-åra.

Tanken kom til å prege rettskrivingsreformene til og med læreboknormalen av 1959. Då tok vinden til å snu. Bokmålsreforma i 1981 gjekk i motsett lei, og i 2002 vart tilnærmingspolitikken formelt avlyst.

Rettskrivingsreformene i 1917 og 1938

I rettskrivingsreformene både i 1917 og 1938 var språkleg samling «på norsk folkemåls grunn» ei langsiktig målsetjing.

Rettskrivinga i 1917 innførte valfrie former, og formene var ofte  tilnærmingsformer. I bokmål tok ein såleis inn valfrie former som «bru», «bu», «tru», og valfrie bøyingsformer som «sola», «boka» og «gata». I nynorsk vart former som «sola» og «boka» innførte som valfrie ved sida av dei tradisjonelle formene «soli» og «boki».

I 1938 heldt tilnærminga fram også for hovudformene. I bokmål fekk mange hokjønnsord obligatorisk -a i bunden form, som «sola», «boka» og «gata». I nynorsk vart former som «sola» og «boka» hovudformer, medan «soli» og «boki» vart sideformer.

Reaksjonen i 1950-åra

Etter krigen voks det fram sterk kritikk av 1938-reforma og tilnærmingslinja i det heile.

For målrørsla førte 1938-reforma til ei kløyving i to hovudleirar. Men kritikken vart særleg sterk frå den tradisjonelle bokmålssida.

Skulestyret i Oslo hadde i 1939 gjort vedtak om å leggje dei radikale formene til grunn i Oslo-skulen. Vedtaket vart retningsgivande for andre skulestyre, skulebokforlaga følgde opp, og frå 1949 og framover kom reaksjonane for alvor.

Foreldreaksjonen mot samnorsk samla inn over 400 000 underskrifter i 1953, foreldre byrja streke over dei radikale formene i skulebøkene, det vart varsla rettssak mot departementet, og etter mykje strid gjekk departementet i april 1954 med på at det skulle givast ut skulebøker med tradisjonelle bokmålsformer.

Den neste rettskrivingsreforma, læreboknormalen frå 1959, tok inn ein del tradisjonelle verbformer i bokmål (bøyingsformer som «danste» og «grøste», vart skifta ut med «danset» og «grøsset», sidestilte med «dansa» og «grøssa»). I nynorsk vart derimot mange tilnærmingsformer som før hadde vore sideformer, gjorde til jamstilte hovudformer (som «høre», «skole», «søndag», ved sida av «høyre», «skule», «sundag»). 

Vogt-komiteen og Norsk språkråd

I 1964 vart Vogt-komiteen nedsett for å drøfte den norske språksituasjonen. Då tilrådinga vart lagd fram i 1966, peika komiteen i samandraget på at tradisjonelle riksmålsformer som var levande i litteraturen, ikkje var tillatne i lærebøker og heller ikkje i elevarbeid. Komiteen gjekk ut frå at «det foreslåtte språkvernråd» ville ta denne saka opp.

Då språkvernrådet, Norsk språkråd, vart skipa i 1972, vart den første store oppgåva å utarbeide framlegg til revidert rettskriving i bokmål. Forslaget som vart lagt fram i 1979, opna for mange tradisjonelle former i bokmål og vart vedteke av Stortinget i 1981.

Tilnærmingspolitikken blir formelt oppheva

Medan Norsk språknemnd, som var rådgjevande organ for styresmaktene 1952–71, hadde til oppgåve å «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn», var denne formuleringa fjerna frå mandatet til Norsk språkråd.

Men i lov om Norsk språkråd av 18. juni 1971 var det i paragraf 1 fastsett at rådet mellom anna skulle «fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». 

Paragrafen vart kalla  «tilnærmingsparagrafen», men var stort sett ein sovande paragraf som fekk lite å seie. I 2002 vart paragrafen oppheva. Dermed gjekk styresmaktene bort frå det langsiktige målet om å skape eit felles norsk skriftspråk. 

Ved den neste bokmålsreforma, i 2005, vart ein del tilnærmingsformer fjerna og nokre tradisjonelle riksmålsformer tekne inn i rettskrivinga. Ved nynorskreforma i 2012 vart det fjerna ein del austnorske former fordi dei òg kunne reknast som tilnærmingsformer.

Landslaget for språklig samling



Medan vinden tok til å snu mot sluttten av 1950-åra, vart Landslaget for språklig samling (LSS) skipa i 1959.  Føremålet var å arbeide for språkleg samling ved å gi det folkelege talemålet i landet sosial og kulturell oppreising, og å arbeide for eitt samlande norsk skriftspråk bygd på folkemåla i bygd og by. I 1966 utarbeidde LSS Framlegg til samlenormal

Kjelder



Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Framlegg til samlenormal. Landslaget for språklig samling, Oslo 1966

Tor Guttu: «Foreldreaksjonen 1949–54». Språknytt nr. 3/2007

Pål Styrk Hansen mfl. (red.): Femti år for folkemålet. Oslo 2009

Kristian Ihle Hanto: Ideologiar i norsk målreising. Oslo 1986

Hva vil Foreldreaksjonen mot samnorsk? [Oslo 1952]

Ernst Håkon Jahr: Innhogg i nyare norsk språkhistorie.  Oslo 1992

Carl Keilhau: 10 argumenter for riksmål mot samnorsk. Riksmålsforbundet, Oslo 1955

Hartvig Kiran: Aksjon mot reaksjonen. Opplysningsnemnda for norsk mål, Oslo 1957

Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999

Halvard Leira: «Samnorsk som identitetspolitisk prosjekt». Nytt Norsk Tidsskrift nr. 4/2003

Moltke Moe: «Nationalitet og kultur», Samtiden nr. 1/1909

Norsk og dansk sprogdrakt. Retskrivningssakens vei og tempo. Foredrag i Bymålslaget 31. mars 1906 av Moltke Moe. Kristiania 1906 

Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 3. utgåve. Oslo 2003

Lars S. Vikør og Geirr Wiggen (red.): Språklig samling på folkemåls grunn. Oslo 1979

Lars Sigurdsson Vikør: Vegen fram til ett språk. Oslo 1968

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Peikarar

Nettstaden til Landslaget for språklig samling

Tor Guttu: «Foreldreaksjonen 1949–54». Språknytt 2007

Moltke Moe: Norsk og dansk sprogdrakt i NBdigital

Gro-Renée Rambø: Bokmålsreformen i 1981 – med særlig vekt på Særutvalgets arbeid i NBdigital

Først publisert: 04.04.2012
Sist oppdatert: 13.03.2018