Hopp til innhold
X
Innhald

Sideformer

Frå 1938 skilde ein i norsk rettskriving mellom hovudformer og sideformer. I bokmål vart skiljet oppheva i 2005, i nynorsk i 2012.

Rettskrivingsreforma i 1938 innførte eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Sideformene vart markerte med klammer, og vart òg kalla «klammeformer».

Hovudformene skulle brukast i lærebøker og i statstenesta. Elevane kunne bruke sideformer i skriftlege arbeid. Ved kgl.res. 24. juli 1981vart det fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta.

Skiljet mellom hovudformer og sideformer stod ved lag i bokmål fram til 1. juli 2005, i nynorsk fram til 1. juli 2012.

Rettskrivingsreforma i 1917 skilde mellom obligatoriske og valfrie endringar i høve til den tidlegare rettskrivinga. Men tanken var at dei obligatoriske og dei valfrie formene i prinsippet skulle vere jamstilte.

I landsmålsrettskrivinga frå 1901 vart Hægstad-normalen gjord til offisiell norm, men elevar kunne bruke midlandsnormalen i skriftlege arbeid.

Kjelder

Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967

Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen», i Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979

Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalene. En historisk oversikt», i Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Peikarar

Språkrådet: Oversyn over rettskrivingsvedtak og -reformer 

Lars S. Vikør: «Rettskrivingsreformer i nynorsk i dette hundreåret», Språknytt nr. 1/1998

Først publisert: 24.02.2011
Sist oppdatert: 19.02.2018