Hopp til innhold
X
Innhald

Slang

Slang, medvitne avvik frå normalspråket, i ord, vendingar og tydingar. Slang er kreativ og humoristisk leik med språket.

Slang er medvitne avvik frå normalspråket, i ord, vendingar og tydingar, som ikkje er knytte til dialekt eller fagspråk (Tone Tryti 1984). Når ein seier gruggmerra om kaffikjelen, at ein skal på kontoret i staden for på do, eller slår på tråden til ein kompis, er det snakk om slanguttrykk. Tilsvarande er det i andre språk: Frå svensk kan vi nemne kille og grabb for gut, tjej og brud for jente, og tarmvred for spagetti. Dansk har ein rik og godt kartlagd slang, med friske døme som himmelabe om prest, messingsuppe om hornmusikk, eller røven af fjerde division om noko som er av svært dårleg kvalitet. I engelsk språk vrimlar det: chick for ung kvinne, fat cat for rik person eller den klassiske og mykje drøfta kick the bucket om å døy. Slang er kreativ og humoristisk leik med språket.

Kva er slang?

Ordet slang har vore brukt på noko varierande måtar gjennom tidene. I engelsk dukkar det opp midt på 1700-talet, og då med om lag same tyding som cant – særspråk for yrkeskriminelle. Seinare blei slang nytta om eit slags «vulgærspråk» og gjerne blanda saman med dialekt. Gradvis har det vakse fram ei forståing av at slang først og fremst er eit stilistisk fenomen, og at det særleg gjeld ordforrådet. Også munnhell, faste talemåtar, klisjéar og metaforiske uttrykk kan fungere som slang. Men det kan ofte vere vanskeleg å peike på sikre kjenneteikn, og det blir dermed gjerne opp til stilkjensla kva som blir oppfatta som slang.

Slang kan for det første avgrensast frå dialekt. Folk som snakkar same dialekt, kan bruke ulike slanguttrykk, og jamvel om slangord også kan vere geografisk avgrensa, følgjer ikkje grensene for slangorda nødvendigvis dei andre dialektgrensene.

Slang er òg noko anna enn sosiolekt. Dette har Eifring (1985) påvist for narkotikaslangen. I Oslo vil dei til dømes uttale verbet blåse, som i narkotikaslangen tyder å røyke hasj, med tynn eller tjukk l etter kva for ein sosial bakgrunn dei har.

Mellom slang og fagsjargong kan det vere vanskeleg å dra grensene. Ein del teknisk sjargong kan liggje på eit skjemtande stilnivå og såleis vere slangprega. Når felespelarar kallar harpiksen til bogen for kolofonium, er det nærmast å rekne som fag- eller gruppesjargong. Omtalar dei han derimot som gneldrefeitt, har ordet eit skjemtande preg som gjer det til slang, om enn nokså fagleg avgrensa. Men området for slangen er likevel først og fremst det kvardagslege og allmennmenneskelege, ikkje det tekniske og faglege.

Opphavet til ordet slang er uvisst, men truleg er det i seg sjølv eit slangord. Ein teori går ut på at det er utvikla av 'beggar's language' (tiggarspråk) gjennom eit mellomsteg 'slanguage', men det er dårleg grunnlag for denne forklaringa. Den viktige slangforskaren Eric Partridge meinte at det kunne vere lånt inn i engelsk frå skandinaviske språk og ha samanheng med slengjenamnslengjeord o.l. I Oxford English Dictionary held ein dette for lite sannsynleg på grunn av den seine dateringa i engelsk.

I dei nordiske språka kjem ordet inn som lån frå engelsk i siste halvdel av 1800-talet, ofte avgrensa til å gjelde engelsk språkbruk. Frå rundt hundreårsskiftet 1900 blir det teke inn i ordbøkene (Tryti 1984).

Utbreiing og funksjon

Det ligg i slangens natur at den som vil drive historisk gransking av han, møter store vanskar. Uformelt lågstatusspråk som slangen gjerne er, er etter måten sjeldan blitt dokumentert. Stilverdien til ord kan endre seg med tida og er ofte vanskeleg å fastslå i eldre tilfang. Men det finst døme som klart ser ut som slang så tidleg som hos den greske komediediktaren Aristofanes, og sameleis hos nokre av dei gamle romerske diktarane. Det franske ordet tête 'hovud' kjem frå vulgærlatin testa 'krukke' – med ein umiskjenneleg dåm av slang. I Norden finn vi tilnamn i runeinnskrifter som har klar slangkarakter, og somme av kenningane i skaldediktinga minner òg om slang. Dessutan finst det mange dialektord som lett kan klassifiserast som slang, og som truleg er heller gamle.

På grunnlag av dette har fleire granskarar konkludert med at slang truleg er så gamalt som sjølve menneskespråket og førekjem i alle språk og kulturar. Men i nyare forsking er det stundom hevda at slangen føreset eit etablert standardordforråd som han kan stå i motsetnad til. Derfor er det ikkje grunnlag for han i tradisjonelle, skriftlause samfunn.

Slang har elles gjerne vore oppfatta som eit byfenomen, og innsamlinga og granskinga har hatt ei markert slagside mot byar. Ein har rekna med at berre byane har hatt det sosiale miljøet (mellom anna med sterke motsetnader mellom ulike samfunnsgrupper) som krevst for å få fram den opprørske og kreative haldninga som fører til slang. Dette er truleg feil, og den danske slangforskaren Kaj Bom har eit heilt kapittel om «landboeslang» i ei av bøkene sine (Bom 1950). Her er det mange døme på uttrykk som må ha oppstått i bygdemiljø, som husmandens sol om månen og lade de to hale de fire om å mjølke. Likevel er det kanskje rett å seie at slangen i si mest typiske form primært høyrer til i større byar.

Det har gjerne vore hevda at slangord vanlegvis er kortlevde. Ein grunn til det er at kjenslefarga ord treng utskifting raskare enn nøytrale ord. Ein annan grunn er at når slangord kjem over i allmennspråket og misser stilverdien sin, må dei erstattast med nye slangord.

Likevel er somme slangord påfallande gamle og stabile. Frå svensk er ord som brorsafarsakille og korkad registrerte rundt 1900, og det felles norske og svenske å ha e(i)n skruv/skrue laus er belagt i svensk så tidleg som i 1838. Somme slangord kan òg få ei ny oppblomstring etter å ha vore nesten ute av bruk, som skive om grammofonplate, no også om CD-plate.

På same måten som fagsjargong kan slanguttrykk gå over i det ordinære normalspråket. Svenske ord som tjejkille og hej (på dej) er døme på tidlegare slang som no er blitt ein del av det kvardagslege allmennspråket. Norske ord som stilig og sporty eller uttrykk som ta knekken på og ta beina på nakken kan knapt nok reknast som slang i dag. Den danske nemninga knallert for moped var slang til å begynnemed (1950-åra), men er no den offisielle termen for ein slik køyrereiskap, og er også brukt i lovverket.

Det har vore ei vanleg oppfatning at slang i hovudsak er knytt til ungdom og såleis er ein del av opprøret til den yngre generasjonen. I 1920-åra var det ein heftig debatt om slang i Sverige, med sterke innslag av moralsk panikk. Slangforskaren Gösta Bergman prøvde å roe det heile ned ved å hevde at slangen måtte ha si tid og ville gå over på same måten som barnesjukdomane.

Det er nok rett at ungdom er flittige brukarar av slang. Men vaksne går heller ikkje fri, og truleg har dei aller fleste, uavhengig av alder, eit visst forråd av slanguttrykk som dei kan nytte når det høver.

Det har vore hevda at menn nyttar slang i større grad enn kvinner, og at når kvinner tek i bruk slang, så er det den mannlege slangen med dei synsmåtane og verdiane som ligg der. Men det finst òg undersøkingar som motseier dette.

Den viktigaste sosiale funksjonen slangen har, er utan tvil å markere og styrkje gruppeidentiteten. Slang har såleis vore karakterisert som eit slags språkleg frimureri (Tryti 1984). Han både inkluderer dei som alt er i gruppa, og ekskluderer dei som står utanfor og ikkje er inne i ordbruken. Stundom kan slang såleis fungere nærmast som eit hemmeleg språk for dei innvigde.

Slang kan signalisere til samtalepartnaren at situasjonen skal oppfattast på ein bestemt måte (helst trekkjast i retning av det uformelle, intime og fortrulege), eller syne at ein har ei venleg haldning. Slangen kan altså tene til å lette det sosiale samværet.

Slang kan nyttast for å få utløp for kjensler og haldningar, der ein synest det normalspråklege uttrykket blir for nøytralt og kaldt.

Slangen er ofte svært konkret og sanseleg og kan dermed nyttast til å presisere og fremje forståinga og forsterke bodskapen (Anker-Møller og Stray Jørgensen 1997). Når ein til dømes kallar fjernsynet idiotboksen, får ein sagt med eitt ord noko som ville krevje mange ord i normalspråk.

Mykje slang er også rett og slett leik med språkleg form, særleg for å oppnå ein humoristisk effekt, men også for å skape variasjon, vekkje oppsikt eller provosere.

Det blir stadig meir vanleg å nytte slang i litteraturen, mellom anna for å oppnå større realisme i replikkar og miljøskildring. Det første kjende dømet på sjølve ordet slang i norsk fin vi hos Bjørnstjerne Bjørnson, i romanen Absalons hår (1894): «Kristiania-jargon, slængen, sprogets ytterste piskesnært». Axel Jensens Line (1959) er vidgjeten for all Oslo-slangen frå 1950-åra. Hos Karsten Alnæs finst saftige døme som «putt hele smala i kasjotten» (Kjempesmell og blå dager, 1981). Jon Ewo, Morten Harry Olsen og Thure Erik Lund er nokre blant mange nyare forfattarar som har eit rikt tilfang av slang.

Kvar kjem slangorda frå?

Somme slanguttrykk er henta frå romani, den nordiske varianten av sigøynarspråk. Eit døme er kjave 'politimann' frå eldre Trondheims-slang. Dette er same ordet som det svenske slangordet tjavo, som kan tyde 'mann', 'gut', 'son', 'barn', 'person'. Det har parallellar i sanskrit. Tjei i svensk er det kvinnelege motstykket til tjavo.

Månsing var eit løyndespråk opphavleg nytta av svenske kramkarar. Dette språket er kjelde for velkjende slangord som kis 'gut', 'fyr', spenn og stål begge 'pengar' og børst 'sprit'. Også adjektivet kul har røtene sine her, frå eit månsing-ord med tydinga 'ja', men seinare forsterka av det engelske cool.

Det er verdt å merke seg tendensen i slangspråk til å låne ord frå lågstatusgrupper. Ein typisk veg er frå romani via språket til tjuvar og landstrykarar og inn i byslangen. Det er eit slags «botnlag» av slang felles for månsing, sjargong hos kriminelle og ungdomsslang i store byar. Denne straumen må skrive seg frå kontakt mellom vegfarande av ymse slag, som har møttest på kroer, marknadsplassar o.l.

Grannespråk er kjelde for mange slangord. I Norden har særleg svensk vore ein stor eksportør. Opphavleg svenske slangord i norsk er til dømes kompis 'kamerat', nubbe 'dram' og polisen 'politiet'. Men nokre velkjende slangord er også komne frå finsk, som hiva 'god', 'framifrå' (frå hyvää) og kola vippen 'døy' (frå finsk kola). Til ein viss grad er det eit nordisk fellesskap i slangorda, i alle fall for Noreg, Sverige og Danmark sin del.

Engelsk er ein svært viktig långivar både av slangord og andre ord, frå tidlege lån som jobb og kjip (frå cheap) til heller nye, som chillewowcareshit og fucka, eller kidsa om ungane (med påhekta norsk fleirtalsending).

Dialektar kan vere kjelde til byslang eller meir allmenn slang. Stundom kan særskilte dialektformer få slangstatus, som kælv og klæbb i Oslo, eller veka 'menstruasjonen' (i vanleg tyding vil det heite uka i Oslomål). Rølp og rølpe går truleg attende på dialektuttale av rolp og rolpe (verb). Verbet tyder i tradisjonelt målføre mellom anna å prate tøys. I Oslo-varianten av den nye, såkalla «kebabnorsken», som er prega av ordlån frå språk til ikkje-vestlege innvandrargrupper, er dialektforma pottet teken opp med tydinga 'kvit person' (Aasheim 1997).

Nettopp språka til dei nye ikkje-vestlege immigrantguppene leverer mykje ordtilfang til dagens ungdomsslang. Slike ord går gjerne vegen gjennom dei nye etnolektane som dannar seg i kontakten mellom desse språka og norsken. Døme er kæbe 'jente' og sjmø 'bra', 'pen', 'kul' (Hasund 2006).

Stundom kan slagord, uttrykk og sitat bli plukka opp frå framsyningar, reklame o.l. Såleis blei «fru Blom» ein klisjé etter replikken «piller og piller, fru Blom!» i Alex Brinchmanns komedie Karusell frå 1950. Ordet møfrø om ung jente blei laga av Arne Skouen, i skodespelet Barn av solen frå 1941 (Marm 1962).

I tilegg til dette går det sjølvsagt for seg ein del rein nylaging av slang, utan at kjeldespråk eller anna opphav lèt seg påvise direkte.

Typiske mønster i slangen

Slang er ikkje noko eige språk, og det er ingen formelle språkdrag som er heilt særeigne for slang. Slangen skil seg først og fremst ut på ordnivået. Det er nesten umogleg å lage setningar der alle orda er slang (Anker-Møller og Stray Jørgensen 1997).

I uttalen av lydar er det nesten ingen døme på spesielle sider ved slang. Eifring (1985) nemner ein spesiell stemmekvalitet som finst blant narkotikabrukarar i Oslo. Derimot finst det døme på avvikande grammatiske former, til dømes «han smol i skjegget» i staden for smilte. Innskot i ord, kjent frå engelsk i typen Minnebloodysoota, er lite brukt i norsk, men det blir rapportert til dømes frå Rørosdialekta, i uttrykk som je kolli-pinameg-derte.

Somme suffiks (etterledd) er spesielt produktive i slang. Eit av dei mest kjente er ‑is, som har oppstått etter mønster frå latinske ord som canis 'hund' og finis 'slutt'. Kanskje har dette byrja som gruppespråk i den høgre skulen. Det eldste dokumenterte nordiske dømet på eit slikt ord er svensk rökis 'tobakk', frå 1719. Orda på ‑is er gjerne bygde på forkortingar av eit grunnord, som kompiskondiskalkis 'kalkulator', grandis/grændis 'Pizza Grandiosa', iddis 'etikett' (ut frå forma iddikett), karbis 'karbonade' og tattis 'tatovering'. Men dei kan òg vere laga direkte på grunnordet, som rompis 'homoseksuell'. Somme er laga til adjektiv, til dømes frekkis og grovis.

Eit særnorsk suffiks som kanskje hadde blomstringstida si i 1970- og 80-åra og er noko mindre i vinden no, er ‑ulf. Det er berre brukt i utnamn og ord for personar (Tryti 1984), til dømes i kjøttulf 'dumming'' og stressulf 'stressa person'. Det finst òg ein variant med ‑olf, som i ryddolf 'person som ryddar'.

Suffikset ‑ert kan sjå ut til å ha eit sentrum i slanglaginga i og rundt Trondheim, der vi finn ord som heimert 'heimebrent' og bækkerta 'beksaumskor', langerten 'langfriminutt', privvert 'privatfest', og til og med benserten om bensinstasjonen og biblerten om biblioteket.

Forsterkande prefiks opptrer ofte i slang: drit(‑bra)gørr(‑pen)rå‑(stygg). Det er ein naturleg konsekvens av at slangen inneheld mange kjensleladde ord.

Forkorta former er typiske for slang, og mykje meir vanlege her enn i allmennspråket, til dømes gym for gymnastikk, konse for konsentrere og raff for raffinert. Stundom er første delen av ordet kutta, som i noia 'paranoia' og mitt 'dynamitt'.

Av og til ser vi òg den omvende prosessen, nemleg «tøying» av former. Slik kan mystisk bli til mystifistisk eller mystifikatorisk og gruble til grublisere.

Ordspel og omformingar er karakteristiske for språkleiken i slang, som nå er rådyra godeå stø trettende til, eller dansk fismoster for misfoster. Humoristiske blandingsformer har òg lett for å oppstå, som kollofenomenormkufiolillapussformerkeleg, eller dansk sandsyfilis 'sannsynlegvis'.

Slangen tøyer grensene for språket på ulike måtar, mellom anna i ordlagingar som ulaseggjørlig. Mange ord oppfører seg både som substantiv og adjektiv og er dermed i ferd med å krysse ordklassegrensa: ha det gøyha det kosdette var diggha det pyton. Også personnamn kan bli brukte på denne måten: han er heilt Nilså spele JohanHarry 'prega av mote', 'dårleg smak', vere heilt Hjørdis eller Laura 'dum' (om jente).

Metaforiske (gjerne drastiske og humoristiske) omskrivingar er gjerne rekna som eit typisk trekk ved slang, og det gir oss ord som snorketreet for nasen, hjulhest for sykkel, trynemjøl for snus og pølsebua om buksesmekken.

Norsk litteratur om slang

Interessa for slangen fell saman med industrialiseringa og framvoksteren av større byar, med nye ungdomskulturar som dels utvikla sin eigen språkbruk. Men det første arbeidet om norsk slang kom ikkje før i 1952, med Ulf Gleditsch Det får'n si, ei populærbok om Oslo-slang. I det heile har eit land som Sverige hatt mykje større breidd og kontinuitet i utforskinga av slang, og der kom ein òg mykje tidlegare i gang. Det same gjeld langt på veg Danmark.

Ingvald Marm (1962) tek mønster av bøkene til Kaj Bom om dansk slang. Hovuddelen av boka til Marm er slangord sorterte etter emne, og det finst òg kapittel om bruken av slang og prinsipp for å danne slangord.

Det første vitskaplege arbeidet om norsk slang stod Tone Tryti for (Tryti 1984). Ho viser typiske drag i norsk slang når det gjeld ordlaging, metaforar osv. og kartlegg hovudlinjer i utviklinga av slang i Noreg frå om lag 1930 til 1980. Halvor Eifring (1985) tek primært for seg særspråket til narkotikabrukarar, men skriv òg ein god del om allmenn ungdomsslang.

I dei siste åra har Ingrid Kristine Hasund markert seg som slangforskar, mellom anna med den generelle oversynsboka Slang frå 2006. Ho var knytt til prosjektet «Språkkontakt og ungdomsspråk i Norden» (avslutta i 2001), som hadde ein eigen del om slang. Boka til Hasund byggjer i stor grad på skriftlege undersøkingar av slang blant norske ungdomar. Kunnskapsforlaget gav i tre år på rad ut små slangordbøker, baserte på innsendt tilfang frå skuleelevar. I 2008 kom så Tone Tryti med si store Norsk slangordbok, eit resultat av fleire tiår med innsamlingsarbeid.

Kjelder

Søren Anker-Møller og Peter Stray Jørgensen (1997): Politikens Slangordbog. København 1997

Kaj Bom: Mere om slang. Nye streiftog på det gemytlige sprogs område. København 1950

Halvor Eifring: Høy eller stein? Narkotikaslang i Norge. Oslo 1985

Ulf Gleditsh: Det får'n si. Norsk slangordbok. Oslo 1952

Ingrid Kristine Hasund: Slang. Oslo 2006

Kunnskapsforlaget: Slangordboka. Oslo 2005, 2006 og 2007

Ingvald Marm: Slang og sjargong. En kavalkade over det muntre innslaget i norsk hverdagstale. Oslo 1962

Tone Tryti: Norsk slang. Oslo 1984

Tone Tryti: Norsk slangordbok. Oslo 2008

Stine C. Aasheim: «Kebab-norsk» – fremmedspråklig påvirkning på ungdomsspråket i Oslo, i Ungdomsspråk i Norden. Föredrag från ett forskarsymposium, Ulla-Britt Kotsinas, Anna-Brita Stenström og Anna-Malin Karlsson. Stockholm 1997

Først publisert: 24.09.2010
Sist oppdatert: 15.10.2019