Språkdød er at eit språk døyr ut, det vil seie at ingen lenger har språket som morsmål.

Faktaboks

Også kjend som

språktap

Det finst ikkje klare målestokkar for kva som skal reknast som språk, og kva som skal reknast som dialekt. Om noko skal kallast eit språk, kan vere eit politisk spørsmål. Men det er vanleg å rekne med at det finst mellom 5000 og 7000 språk i verda. Dei fleste av desse har få morsmålsbrukarar.

Databasen Ethnologue ved The Summer Institute of Linguistics i Texas, USA, omfatta i 2020 om lag 7100 språk. For rundt 200 av desse språka er talet på morsmålsbrukarar ukjent. Vel 3900 språk har mindre enn 10 000 morsmålsbrukarar, om lag 1750 språk har under 1000, og noko over 470 språk er morsmål for mindre enn 100 brukarar.

Etter opplysningane i Ethnologue er om lag 1500 av dei rundt 7100 språka i verda i ferd med å døy ut, det vil seie at nye generasjonar ikkje lenger lærer dei. I tillegg er om lag 1000 språk truga, det vil seie at språka blir brukte munnleg av fleire generasjonar, men talet på brukarar fell.

Språk døyr av fleire grunnar. Mindre språksamfunn kan blir borte fordi menneska døyr i epidemiar, av hungersnaud eller folkemord. Men språkdød er som regel ein langsam prosess. Den viktigaste årsaka er at større språk spreier seg og gradvis trengjer mindre språk ut. Det kan skje frivillig eller vere resultatet av tvang.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • David Crystal: Language Death. Cambridge 2000
  • Simons, Gary F. and Charles D. Fennig (eds): Ethnologue. Languages of the World. Twentieth edition. Dallas, Texas: SIL International 2017
  • Rolf Theil: «Språkdaude». Språknytt, nr. 4/2000
  • Geirr Wiggen: «Språkdød». Apollon, nr. 1/1995
  • Stephen A. Wurm: Atlas of the World’s Languages in Danger of Disappearing. UNESCO, Paris 2001

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg