Hopp til innhold
X
Innhald

Språkfamilie

Språkfamilie, gruppe av språk som er i slekt med kvarandre.

Slektskap mellom språk vil seie at dei har eit felles opphav i eitt enkelt språk (eit urspråk) som fanst ein gong i fortida. Til dømes har alle indoeuropeiske språk (mellom dei norsk) utvikla seg frå urindoeuropeisk. Dei største språkfamiliane i verda er den indoeuropeiske, den uralske, den turkotatariske, den afroasiatiske, den tibetoburmanske, den austronesiske og nigerkongospråka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017