Hopp til innhold
X
Innhald

Strukturalisme

Strukturalisme, vitskapsteoretisk retning som gjerne blir ført tilbake til Ferdinand de Saussure.

Den strukturalistiske språkvitskapen ser språket som eit sjølvstendig relasjonelt system, slik at språklege element eksisterer i kraft av den motsetninga dei står i til andre element i det same systemet.

Den strukturalistiske sosialantropologien, som vart grunnlagd av Claude Lévi-Strauss, dreier seg om analyse av strukturelle relasjonar mellom elementa i til dømes slektskapsterminologi eller mytiske system.

I litteraturvitskapen tok den russiske etnologen Vladimir Propp (1895–1970) i bruk strukturalistiske metodar i studiet av korleis eventyra er bygde opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017