Hopp til innhold
X
Innhald

Subjunksjon

Subjunksjon (av latin sub, ’under’, iungere, ’binde saman’), omgrep i språkvitskapen som blir brukt om ord som at, som, dersom, fordi, om.

Subjunksjonar innleier leddsetningar, som at det regnar i Kari seier at det regnar. Dei vart tidlegare kalla «underordnande konjunksjonar», i motsetning til «sideordnande konjunksjonar», som no blir kalla berre konjunksjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017