Personnamn eller fullt namn er namna ein person er kjend eller registrert under. I dei fleste kulturar er dette det same som fødenamnet eller det juridiske namnet. I vestleg kultur har så å seie alle personar minst to namn, førenamn og etternamn, ein del også mellomnamn. Studiet av namn heiter antroponomi, som er ei grein av onomastikken (namnelæra).

I alle kulturar vi kjenner til, har menneska hatt namn, personnamn. Etter kvart som det voks fram bysamfunn, vart det nødvendig å ha fleire namn, fornamn og etternamn, for å skilje mellom enkeltindivid, og termen personnamn er oftast brukt som eit overomgrep som omfattar både fornamn og etternamn, og dessutan mellomnamn for dei som har denne namnetypen, til dømes Dahl i Emma Dahl Thomassen.

Termen personnamn kan også bli brukt i meir avgrensa tyding, berre om fornamn. Uoffisielle fornamn blir ofte kalla tilnamn eller kallenamn, til dømes Krølle om gut med krøllete hår. Her kan vi skilje mellom to undergrupper: kjælenamn (med positive assosiasjonar, til dømes Gullet) og utnamn (med negative assosiasjonar, til dømes Tjukken).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg