Amalie er eit kvinnenamn som er romanisert kortform av samansette namn på Amal-. Dette opphavleg gotiske forleddet tyder kanskje ‘flittig, aktiv’.

Namnet har fleire variantar: Amalia, Amalie, Ameli, Amelia, Amelie.

Namnedag er 8. september. Allan og Alma har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Amalie

Eit utval personar med namnet Amalie, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 582 kvinner i Noreg som hadde Amalie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Amalie var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 211 jenter som fekk namnet Amalie, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Amalie gjeld dette til dømes Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia, Sofie og Viktoria. Nokre av dei var også populære i siste halvdel av 1800-talet. Forutan Amalie gjeld dette til dømes Emilie, Julie, Lydia, Marie, Olivia og Sofie.

Utvikling i bruk av namnet Amalie frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Amalie frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Amalie på 1800-talet.

Amalie var mest brukt i Kristiania, Vestfold og Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Amalie på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Amalie var mest brukt i Kristiania, Vestfold og Vest-Agder.

Historisk bruk av namnet Amalie
Historisk bruk av namnet Amalie
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg