Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas

Andreas er eit mannsnamn som kjem frå det greske Andréās, av andrós som er genitiv av anér, "mann, menneske", jamfør adjektivet andreios, "mandig" og apostelen Andreas. Den norske forma Andres eller Andris er kjend sidan 1100-talet. Den nordiske forma Anders er kjend i Noreg sidan 1300-talet. Den franske forma er André, den engelske Andrew, den samiske Ante og den finske Antti. Kvinnenamna Andrea og Andrine er frå 1700-talet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013