Anette er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Annette som er fransk diminutiv («vesleform») av Anne.
Anette
Kjende personar med namnet Anette
Eit utval personar med namnet Anette, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Anette Olsen (1956)
- Anette Bøe (1957)
- Cecilie Annette Willoch (1958)
- Anette Trettebergstuen (1981)
- Anette Sagen (1985)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Annette og Anette slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate og Madeleine. Annette skil seg frå dette mønsteret ved at dette namnet var mest brukt på 1800-talet, med ein topp i 1860-åra. Varianten Anette var mest vanleg 1980–1984, og denne varianten ligg dermed innanfor topp-perioden for dei franske namna.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.