Hopp til innhold
X
Innhald

Anna

Anna er eit kvinnenamn, ei gresk form av det hebraiske channā som tyder "nåde". Sjå Hanna. Fleire apokryfe skrift tillegg til Bibelen seier at Anna var mor til jomfru Maria. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1300-talet og var i vanleg bruk frå ca. 1500, ofte i forma Anne, som lenge var det mest brukte kvinnenamnet. Andre former er Ane, den engelske Ann med sideformene Annie, Nan, Nancy og Nanny, den norske Anette, den franske Annette, den italienske og spanske Anita, den tyske Anniken og dei russiske Anja og Nina. Anja er den russiske kjæleforma av Anna og er teke i bruk som kvinnenamn utanfor Russland.

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013