Hopp til innhold
X
Innhald

August

August er eit mannsnamn som kjem frå latin, opphavleg tilnamnet Augustus, "den opphøgde", som det romerske senatet i år 27 f.Kr. gav Octavianus, som seinare vart keisar. Namnet er noko brukt i Noreg frå kring 1900. Ei yngre latinsk avleiing er Augustinus, som namnet Augustin kjem frå. Det er kjent i Noreg sidan ca. 1550.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013