Hopp til innhold
X
Innhald

Benedikt

Benedikt er eit mannsnamn, som kjem frå det latinske benedictus, "velsigna". Namnet vart populært på grunn av Benedikt frå Nursia, som stifta Benediktinerordenen. Han kom til Noreg på 1100-talet, og namnet kom i bruk samtidig. Forma Bendik er kjend sidan 1300-talet. Kortformer er Bengt, som særleg vert brukt i Sverige, og Bent. Kvinnenamnet Benedikte er kjent sidan 1300-talet. Den danske kortforma er Bente.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013