Hopp til innhold
X
Innhald

Benjamin

Benjamin er eit mannsnamn som kjem frå det hebraiske Benjāmīn,, "son frå sør; son av høgre hand", sekundært òg "lykkesonen", jamfør 1 Mos 35,18. Namnet er kjent i Noreg sidan 1600-talet. Den yngste i ein søskenflokk vert ofte kalla familiens Benjamin. Den engelske kortforma er Ben og Benny.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013