Bent er eit mannsnamn som er samantrekt nordisk form av Benedikt (sjå også det svenske Bengt). Namnet går tilbake til det latinske Benedictus som er laga til adjektivet benedictus med tydinga ‘den velsigna’.

Namnet har fleire variantar: Beint, Bendt, Bent, Benth.

Namnedag er 21. mars. Bendik og Bengt har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Bent

Eit utval personar med namnet Bent, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 246 menn i Noreg som hadde Bent som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, var ein del brukte tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein toppfase i siste halvdel av 1900-talet. Dette gjeld mellom anna Bent (av Benedikt) som var på topp rundt 1970. Døme på å andre namn av denne typen med lydleg justering og liknande kurveprofil er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias) og Mikkel (av Mikael).

Utvikling i bruk av namnet Bent frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bent frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bent på 1800-talet.

Bent var klart mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bent på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bent var klart mest brukt i Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Benth.)

Historisk bruk av namnet Bent
Historisk bruk av namnet Bent
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg