Berit er eit kvinnenamn som er norsk form av Birgitte med opphav i Brigida, ei latinisering av det keltiske Brigit laga til ordet *[briganti] som tyder ‘den opphøgde’.

Namnet har fleire variantar: Beret, Berit, Berith.

Namnedag er 7. oktober. Birgit og Birgitte har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Berit

Eit utval personar med namnet Berit, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 15 922 kvinner i Noreg som hadde Berit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Berit var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert form på nordisk grunn av eit helgennamn (Berit av av Birgitta), har Berit sidan tidleg på 1800-talet hatt ein gradvis tilbakegang utover i det hundreåret. Frå 1920-åra byrja Berit å stige bratt til ein topp rundt 1940. Kurveprofilen til Berit liknar den til Marit, og begge desse namna er justerte former av helgennamn (Marit av Margareta).

Utvikling i bruk av namnet Berit frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Berit frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berit på 1800-talet.

Berit var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berit på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Berit var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Berith.)

Historisk bruk av namnet Berit
Historisk bruk av namnet Berit
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg