Hopp til innhold
X
Innhald

Birgitte

Birgitte er eit kvinnenamn, ei nordisk form av det keltiske Brigit, "den høge", latinisert Brigida, kjent sidan 1000-talet. Namnet er brukt i formene Birgitta og Birgitte sidan 1400-talet. Jamfør den irske St. Brigida, død i 523, og den svenske St. Birgitta, død i 1373. Norske former er mellom andre Berit, Berte, Birgit, Brit, Britt, Brita. Den danske forma er Birte. Kortformer er Gitte, Bitte eller Bitten med fleire.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013