Bjarte er eit mannsnamn som kan vere kortform på -e av samansette namn på Bjart-, til dømes Bjartmar, eller ei e-utviding av Bjart. I begge tilfelle er tydinga ‘lys, skinande’.

Namnedag er 1. februar. Birte har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Bjarte

Eit utval personar med namnet Bjarte, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 023 menn i Noreg som hadde Bjarte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Bjarte frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Bjarte frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg