Hopp til innhold
X
Innhald

Bodil

Bodil er eit kvinnenamn, ei dansk form av det norrøne Bóthildr, av bót, "betring, hjelp", og hildr, "strid". Namnet er kjent sidan 1000-talet. Forma Bodil har vore brukt i Noreg sidan ca. 1480, ofte som Bol, i skrift òg Boel, til og med 1800-talet. Bodil var eit populært namn i 1930–1950-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013