Brit er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Birgitte som kjem av det latiniserte Brigida med opphav i det keltiske Brigit laga til ordet *[briganti] som tyder ‘den opphøgde’.

Mens Britt blir uttalt med kort vokal, kan Brit ha både kort og lang vokal. Det vanlegaste er nok at Brit – til liks med Britt – blir uttalt med kort vokal.

Namnet har fleire variantar: Brit, Brith, Britt.

Namnedag er 23. juli. Brita og Britt har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Brit

Eit utval personar med namnet Brit, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 688 kvinner i Noreg som hadde Brit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Brit og Britt slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. Dette gjeld også Brit laga på nordisk grunn av det innlånte Birgitte. Brit kjem dermed på linje med nordiske namn som Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste var på topp innanfor perioden 1935–1974. Brit og Britt nådde toppen omtrent samtidig – Brit i 1940-åra og Britt i perioden 1945–1954. Britt er brukt litt meir enn Brit.

Utvikling i bruk av namnet Brit frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Brit frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Brit på 1800-talet.

Brit var – til liks med Britt – klart mest brukt i Møre og Romsdal .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Brit på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Brit var – til liks med Britt – klart mest brukt i Møre og Romsdal (Nordmøre). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Brith.)

Historisk bruk av namnet Brit
Historisk bruk av namnet Brit
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg