Dagmar er eit dansk kvinnenamn som har opphav i det slaviske kvinnenamnet Dragomira som er avleidd av mannsnamnet Drago-mir. Forleddet tyder ‘kjær’ og etterleddet ‘fred’.

Dette slaviske namnet vart omtolka i Danmark til Dag-mar der forleddet tyder ‘dag’ og etterleddet ‘møy’ (gammaldansk már).

Namnedag er 27. september. Dagrun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Dagmar

Eit utval personar med namnet Dagmar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 441 kvinner i Noreg som hadde Dagmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dagmar er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av dronning Dagmar i Danmark på 1200-talet). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet. Dagmar var mest brukt 1900–1904.

Utvikling i bruk av namnet Dagmar frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Dagmar frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Dagmar på 1800-talet.

Dagmar var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Dagmar fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Dagmar på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Dagmar var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Dagmar fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Dagmar
Historisk bruk av namnet Dagmar
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg