Dagny er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Dag-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘dag’ og etterleddet ‘ny’. Namnet vart tatt i bruk att i 1837.

Namnet har fleire variantar: Dagne, Dagny.

Namnedag er 11. september. Dag har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Dagny

Kulturell bruk

  • Dagny i Henrik Ibsens «Hærmændene paa Helgeland» (1858). Etter oppføringar i Kristiania, Bergen og Trondheim 1858–1859 vart namnet populært.
  • Dagny Kielland i Knut Hamsuns «Mysterier» (1892).

Kjende personar med namnet Dagny

Eit utval personar med namnet Dagny, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 312 kvinner i Noreg som hadde Dagny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 21 jenter som fekk namnet Dagny.

Utvikling i bruk av namnet

Dagny er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Ibsens skodespel «Hærmændene paa Helgeland»). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet. Dagny var mest brukt 1900–1909.

Utvikling i bruk av namnet Dagny frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Dagny frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Dagny på 1800-talet.

Dagny var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Dagny fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Dagny på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Dagny var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Dagny fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Dagny
Historisk bruk av namnet Dagny
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2007: [Dagny] og [Hjørdis] i Trondheim etter oppføringa der av «Hærmændene paa Helgeland» i 1859. I: Arnold Dalen (red.): [Ola-boka: Venneskrift til Ola Stemshaug etter eit år som 70-åring 20. januar 2007]. Trondheim.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg