Hopp til innhold
X
Innhald

Dorothea

Dorothea er eit kvinnenamn med opphav i det greske Dōrothéā, av dōron, "gåve", og theós, "gud", jamfør Theodor. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1500, mest i former som Dordi, Dorte, Dortea med kortformene Dora og Thea. Den engelske forma er Dorothy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013