Elisabet er eit kvinnenamn som er gresk form av det hebraiske Elisjeba som tyder ‘Gud er fullkommen’.

Av Elisabet er det utvikla mange kortformer i ulike språk, til dømes Lisbet, Elisa, Eliza, Else, Elsa, Lise, Bet og Bess.

Namnet har fleire variantar: Elisabet, Elisabeth, Elisebet, Elisebeth, Elizabeth, Elsebet, Elsebeth.

Kjende personar med namnet Elisabet

Eit utval personar med namnet Elisabet, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 864 kvinner i Noreg som hadde Elisabet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Elisabet i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elisabet. Dette inneber at 35 prosent hadde Elisabet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Elisabet og Elisabeth slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Sidan år 1900 har varianten Elisabeth vore brukt nesten 17 gongar meir enn Elisabet. Desse namna har ein kurveprofil som avvik frå andre kvinnenamn med tre stavingar. Frå tidleg på 1800-talet gjekk namnet nedover til det nådde ein botn i 1930-åra. Deretter fekk det ei forholdsvis bratt stigning til ein topp i siste halvdel av 1970-åra. Denne stigninga er vel å merke representert av varianten som endar på -th. Kongelege namn har hatt innverknad på namnepopulariteten, og det er truleg dronning Elizabeth (fødd 1926) som har ført til denne framgangen. Også filmstjerna Elizabeth Taylor (i si tid omtalt som verdas vakraste kvinne) kan ha medverka til populariteten.

Utvikling i bruk av namnet Elisabet frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Elisabet frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elisabet på 1800-talet.

Elisabet var mest brukt i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Elisabet på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Elisabet var mest brukt i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Elisabeth.)

Historisk bruk av namnet Elisabet
Historisk bruk av namnet Elisabet
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg