Ella er eit kvinnenamn som er kortform av mange namn, særleg Elisabet, Ellen, Eleonora og Gabriella.
Ella
Kjende personar med namnet Ella
Eit utval personar med namnet Ella, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Ella Anker (1870–1958)
- Ella Baker (1903–1986)
- Ella Signe Hval (1904–1994)
- Ella Hillbäck (1914–1979)
- Ella Fitzgerald (1917–1996)
- Ella Griffiths (1926–1990)
- Ella Pamfilova (1953)
Namnestatistikk
I 2022 var det 6 370 kvinner i Noreg som hadde Ella som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 326 jenter som fekk namnet Ella, og det var det fjerde mest populære jentenamnet dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Ella har ein kurveprofil som avvik noko frå profilen til andre tostava namn på -a, til dømes Anna og Klara. Ella hadde sin fyrste topp i perioden 1920–1924, og dette var seinare enn Anna og Klara. Deretter gjekk namnet gradvis nedover inntil det – til liks med nokre andre tostava namn på -a (Ebba, Emma, Klara, Laura og fleire) – fekk eit sterkt oppsving frå slutten av 1900-talet.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Ella var mest brukt i Kristiania.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.