Hopp til innhold
X
Innhald

Emil

Emil er eit mannsnamn. Den franske forma er Émile og kjem frå det latinske Aemilius, eit romersk slektsnamn, som kanskje kjem frå adjektivet aemulus, "rivaliserande". Namnet vart populært på grunn av Jean-Jacques Rousseaus bok Émile frå 1762. Emil er kjent i Noreg sidan 1819. Kvinnenamnet Emilie har den engelske forma Emily, med kortformene Emmy og Milly.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 10.10.2013