Endre er eit mannsnamn som er yngre form av det norrøne Ein-d-riði. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘eineståande’ og etterleddet ‘ride; råde’. Namnet kan som heilskap ha hatt ei meiningsfull tyding: ‘han som rir aleine’ eller ‘han som rår aleine’.

I dette namnet fanst opphavleg ikkje [d]-en midt i namnet, men denne lyden vart sett inn for å lette overgangen mellom [n] og [r] i norrønt. Endre finst også i Ungarn, men der kjem namnet av Andreas.

Namnedag er 26. september. Einar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Endre

Eit utval personar med namnet Endre, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 899 menn i Noreg som hadde Endre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 21 gutar som fekk namnet Endre.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, men Endre høyrer til ei lita gruppe av namna på -e som var ein del brukt tidleg på 1800-talet og som kom tilbake i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme på slike namn på -e med omtrent same kurveprofil er Børre og Lasse.

Utvikling i bruk av namnet Endre frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Endre frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Endre på 1800-talet.

Endre var mest brukt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Endre på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Endre var mest brukt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Endre
Historisk bruk av namnet Endre
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2014: En-d-re, Hen-d-ry og Is-t-rael – om epentetisk [d] og [t] i namn. I: Gulbrand Alhaug, Tove Bull og Aud-Kirsti Pedersen (red.): [Endre-boka – postfestumskrift til Endre Mørck]. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg