Erika er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Erik.

I nyare tid kan også blomenamnet erika ligge til grunn for kvinnenamnet Erika (latin erice, gresk ereike som tyder ‘røsslyng’). Her kan Erika sjåast på som ein tydingsparallell til det engelske kvinnenamnet Heather som har opphav ordet heather som tyder ‘røsslyng’.

Namnet har fleire variantar: Erica, Erika, Erikka, Erikke.

Namnedag er 18. mai. Eirik og Erik har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Erika

Eit utval personar med namnet Erika, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 579 kvinner i Noreg som hadde Erika som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 19 jenter som fekk namnet Erika.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn med tre stavingar og endinga -a var lite brukte på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Frå då av – eller litt seinare – byrja dei å bli populære. Erika og Celina har vore mest brukte på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Erika frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Erika frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Erika på 1800-talet.

Erika var mest brukt i Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Erika på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Erika var mest brukt i Møre og Romsdal. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Erica.)

Historisk bruk av namnet Erika
Historisk bruk av namnet Erika
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg