Erna er eit kvinnenamn som er kortform av Ernestine og Ernesta som begge er avleidde av det tyske mannsnamnet Ernst, eit opphavleg tilnamn som går tilbake til ordet ernust i eldre tysk med tydinga ‘alvor’.

Namnedag er 2. mars. Ernst har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Erna

Eit utval personar med namnet Erna, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 836 kvinner i Noreg som hadde Erna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Erna er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen rundt 1900. Andre døme er Arna, Berta, Gerda, Magda, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje desse namna ein ny topp rundt år 2000. Dette kan kanskje ha samanheng med at dei – som Magda og Ragna – har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd - jamfør [rn] i Erna med [r] i Klara. Elles har ikkje førenamn på politikarar, til dømes Erna (Solberg), ført til oppsving for namnet – i motsetning til for eksempel namn på kongelege personar og idrettsfolk (prinsesse Astrid og Gjermund Eggen).

Utvikling i bruk av namnet Erna frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Erna frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Erna på 1800-talet.

Erna var klart mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Erna på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Erna var klart mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Erna
Historisk bruk av namnet Erna
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg