Ernst er eit tysk mannsnamn som fyrst har vore brukt som tilnamn. Det går tilbake til ordet ernust i eldre tysk som tyder ‘alvor’.

Namnet har fleire variantar: Ernest, Ernst.

Namnedag er 2. mars. Erna har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ernst

Eit utval personar med namnet Ernst, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 322 menn i Noreg som hadde Ernst som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det tyske Ernst hadde ein langvarig toppfase (1915–1944). Men mens dei nordiske einstava namna var populære fram til 1970-åra, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, gjekk det tyske Ernst ned etter krigen.

Utvikling i bruk av namnet Ernst frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ernst frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ernst på 1800-talet.

Ernst var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ernst på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ernst var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.

Historisk bruk av namnet Ernst
Historisk bruk av namnet Ernst
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg