Hopp til innhold
X
Innhald

Frans

Frans er eit mannsnamn, ei tysk kortform av det latinske Franciscus, som eigentleg tyder "frankar". Folkenemninga er forklart som "fri", det vil seie fri samanlikna med dei folkeslaga frankarane la under seg, jamfør Sankt Frans av Assisi, død i 1226, og fransiskanarordenen. Andre former er den spanske Francisco, den italienske Francesco, den engelske Francis med sideforma Frank, den franske François og den tyske Franz. Kvinnenamn er Francisca på spansk, Francesca på italiensk og Frances med sideforma Fanny på engelsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.10.2013
Sist oppdatert: 03.10.2013