Hopp til innhold
X
Innhald

Fredrik

Fredrik er eit mannsnamn frå det tyske Friedrich som på gamaltysk er Frithuric. Namnet kjem frå namneledd som svarar til det norrøne friðr, "fred, vern", og ríkr, "mektig" eller "herskar". Bruken som forledd i nokre eldre stadnamn tyder på at det fanst eit liknande norrønt mannsnamn som gjekk opp i det tyske når det vart innført. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1060. Populariteten kjem frå både tysk-romerske keisarar og dansk-norske kongar som bar namnet. På dansk som regel Frederik, på engelsk Frederic med sideformene Fred og Freddy, og på tysk med kortforma Fritz. Den gamle, norske kortforma er Frikk, jamfør eventyrfiguren Veslefrikk. Kvinnenamnet er Fredrikke med unge, nordiske kortformer som Frida, Rikka, Rikke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.10.2013
Sist oppdatert: 03.10.2013