Gaute er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Gauti. Namnet er opphavleg eit tilnamn brukt om ein person frå Götaland (jamfør det svenske mannsnamnet Göte).

Namnet har fleire variantar: Gaut, Gaute.

Namnedag er 27. januar. Gry har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gaute

Eit utval personar med namnet Gaute, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 042 menn i Noreg som hadde Gaute som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 9 gutar som fekk namnet Gaute.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Gaute og Kyrre er blant dei få av desse namna som hadde toppfasen sin på slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Gaute frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gaute frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg