Hopp til innhold
X
Innhald

Georg

Georg er eit mannsnamn frå det greske Geórgios, av georgós, "bonde, jorddyrkar". Martyren Sankt Georg, død ca. 300, er Englands skytshelgen. Namnet er kjent i Noreg sidan 1300-talet, dels skrive på latin, Georgius, dels fornorska til Yrjan og Ørjan. Andre former er det engelske George, det tyske Jürgen, det nedertyske Jörgen, det danske Jørn, det norske Jøran som kjem frå svensk, det svenske Göran og det spanske Jorge. Kvinnenamnet Georgine er frå 1700-talet. Jørgine vart vanleg på 1800-talet.

Først publisert: 18.09.2013
Sist oppdatert: 18.09.2013