Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav

Gustav er eit mannsnamn som kjem frå det eldre, svenske Götstaf, som Gösta kjem frå, med uvisst opphav. Tradisjonelt vart namnet forklart som eit tilnamn, av ledd som svarar til det norrøne gautr, "mann frå Götaland", og stafr, "stav, stolpe", altså "mann som hjelper götane". Alternativt vert det sett på som eit lån frå det polske Gostislav, Goslav, av gosti, "gjest", og slav, "ry, ære". Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1420.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.10.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013