Hopp til innhold
X
Innhald

Helge

Helge er eit mannsnamn, ei svak form på grunn av vokalendinga, av det norrøne heilagr, "heilag". Namnet var truleg opphavleg eit tilnamn med tydinga "vigd til gudane". Namnet er kjent frå segnhistoria og har vore vanleg sidan mellomalderen.
I Russland har dei den omdanna forma Oleg, jamfør Helga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013