Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik

Henrik er eit mannsnamn frå det gamaltyske Haimirich, frå namneledd som svarar til det norrøne heimr, som tyder "heim", og ríkr, som tyder "mektig" eller "herskar". Det har vore eit tysk-romersk keisarnamn og eit fransk og engelsk kongenamn. Henrik har vore kjent i Noreg sidan 1200-talet. Den engelske forma er Henry og Harry, som kjem frå den franske uttalen. Den franske forma er Henri, den finske Heikki, den tyske Heinrich med sideformene Heinz, Heine, Heineke og Henki, jamfør Henning. Kvinnenamn er det engelske Henrietta med kortformene Harriet og Henny, det franske Henriette, det tyske Henrikke, Jetta og Jette.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.10.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013