Hopp til innhold
X
Innhald

Hilde

Hilde er eit kvinnenamn, ei yngre form av Hilda og kortform av namn på Hild(e)- og -hild. Norrønt hadde òg det usamansette, sterkt bøygde, det vil seie ei eiga bøying for hokjønnsord med konsonantending, Hildr. Det er eit valkyrjenamn, same ord som hildr, "kamp, strid", som etter kvart vart erstatta av det svakt bøygde Hilda, kjent frå 1300-talet. Dette kan òg vere støtta av det engelske Hilda, ei latinsk form av det gamalengelske Hild, utbreidd på grunn av Sankt Hild som døydde i 680.
 
Namnet Hilde kom etter reformasjonen, men vart først vanleg ca. 1950–60. Hild er teke opp att i nyare tid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013