Hildur – og Hild – går tilbake til same kvinnenamn i norrønt, Hildr som tyder ‘strid’.

Hildur er eit av dei få namna som vi har fått i nyislandsk form i norsk, det vil seie med nominativendinga -ur – jamfør hest-ur i islandsk.

Namnedag er 18. januar. Hild har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hildur

Kulturell bruk

  • Hildur i «Frithiofs saga» (1825) av Esaias Tegnér.
  • Hildur i «Kong Sverres Ungdom» (1837) av Andreas Munch.

Kjende personar med namnet Hildur

Eit utval personar med namnet Hildur, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 869 kvinner i Noreg som hadde Hildur som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Hildur vart tatt i bruk i samband med den nordiske namnerenessansen, inspirert av fleire nasjonalromantiske verk, mellom anna Esaias Tegnérs «Frithiofs saga» (til norsk i 1826) og Andreas Munchs «Kong Sverres Ungdom (1837). Hildur har ein kurveprofil som liknar profilen til mange andre namn som høyrer til den nordiske namnerenessansen: Det byrja å stige i 1870-åra og nådde toppen 1905–1914.

Utvikling i bruk av namnet Hildur frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Hildur frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hildur på 1800-talet.

Hildur var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Hildur fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hildur på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hildur var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Hildur fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Hildur
Historisk bruk av namnet Hildur
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg