Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob

Jakob er eit mannsnamn frå hebraisk med uvisst opphav. I Det gamle testamentet vert Jakob forklart som "han som held i hælen", jamfør 1 Mos 25,26, eller "han som overlistar", 1 Mos. 27,36. Den eigentlege tydinga er kanskje "må Gud verne". Namnet er kjent i Noreg sidan 1300-talet. Danske former er Ib og Jeppe, engelske former er James, Jim og Jimmy, den franske forma er Jacques og den spanske Iago, jamfør Santiago, det vil seie St. Jakob. Kvinnenamna Jakoba og Jakobine er nydanningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.10.2013
Sist oppdatert: 31.10.2013