Jo er eit mannsnamn som er norsk form av Jon.

Les om kvinnenamnet Jo.

Namnedag er 29. august. Johan, Jone og Jone har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jo

Eit utval personar med namnet Jo, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 464 menn i Noreg som hadde Jo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Jo.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste einstava nordiske namna hadde toppfasen sin innafor perioden 1920–1979, og Jo ligg i slutten av denne perioden med toppfase 1965–1974. Det er mogleg at langrennslauparen Jo Eggen (fødd 1941), tvillingbror til Gjermund Eggen, medverka til at namnet nådde toppen i perioden 1965–1974. Dette var på slutten av skikarrieren til Jo Eggen.

Utvikling i bruk av namnet Jo frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jo frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg