Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes

Johannes er eit mannsnamn frå den greske forma Iōánnēs av det hebraiske Jōhānān, "Gud er nådig". Saman med dei mange avleiingane er dette det vanlegaste namnet i kulturkrinsen vår. Namnet er kjent i Noreg frå 1000-talet i forma Jon. Andre norske former er Jo, Johan, Jens, som er kjent frå dansk sidan 1300-talet, og Hans, frå tysk på 1300-talet. Elles har vi den engelske forma John med sideformene Johnny og Jack, dei finske formene Juhani og Jukka, den franske Jean, den irske Sean, den italienske Giovanni, den polske, tsjekkiske og nederlandske forma Jan, den russiske Ivan, den skotske Ian, den spanske Juan og den ungarske Janos, jamfør Henning. Johannes er opphav til kvinnenamna Johanna, kjent frå 1400-talet, Johanne, Jensine og Hansine. Kortformer er Hanna, Janne og Jonna. Engelske kortformer er Jane, Jenny, Jean og Joan. Franske former er Jeanne og Jeannette, slavisk Jana og ungarsk Janka, jamfør Jannike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2013
Sist oppdatert: 17.09.2013