Hopp til innhold
X
Innhald

Jorunn

Jorunn er eit kvinnenamn som kjem frå det norrøne jǫfurr, som eigentleg tyder "villsvin(hjelm)", men seinare "høvding, konge", og unnr, som truleg står til verbet unna, som tyder å "elske", jamfør Unn. Jorunn har vore vanleg sidan mellomalderen, etter kvart med ulike sideformer, mellom andre Jorån, Jøran eller Jørann, Jørun eller Jørunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2013
Sist oppdatert: 29.11.2013