Hopp til innhold
X
Innhald

Josef

Josef er eit mannsnamn frå det hebraiske Jōsēph, "han (Gud) vil auke (barnetalet)", jamfør 1 Mos 30,24. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1320 og vart vanleg ca. 1900.
Den engelske og amerikanske forma er Joseph med kortforma Joe, den italienske Giuseppe og den spanske José. Kvinnenamnet Josefine er frå nyare tid. Den spanske forma Pepita kjem frå kortforma Pepa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013