Jostein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Jó-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hest’ og etterleddet ‘stein’.

Namnedag er 2. februar. Jomar og Omar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jostein

Eit utval personar med namnet Jostein, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 792 menn i Noreg som hadde Jostein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 7 gutar som fekk namnet Jostein.

Utvikling i bruk av namnet

Jostein høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Jostein, som var på topp 1950–1964, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Jostein frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jostein frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg