Hopp til innhold
X
Innhald

Julius

Julius er eit mannsnamn frå det latinske Jūlius, eit romersk slektsnamn med uvisst opphav, jamfør Caesar. Namnet har vore brukt som førenamn sidan renessansen og er kjent i Noreg sidan tidleg på 1600-talet.
Kvinnenamn er Julia og Julie, kjent i Noreg sidan 1700-talet. Julian(us) er ei latinsk avleiing med kvinnenamna Juliana og Juliane, i Noreg seinare Julianne. Engelske former er Gillian og Jill.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013