Kaia er eit kvinnenamn som er kjæleform av mellom anna Karen og Karin.
Kaia
Kjende personar med namnet Kaia
Eit utval personar med namnet Kaia, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kaia Storvik (1976)
- Kaia Linnea Dahle Nyhus (1990)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 282 kvinner i Noreg som hadde Kaia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 38 jenter som fekk namnet Kaia.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kaia og Kaja slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Kaia og Kaja hadde – til liks med nokre andre tostava namn på -a – to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Anna, Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje. Sidan år 1900 har Kaja vore brukt nesten tre gongar meir enn Kaia.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.