Kari er eit kvinnenamn som er norsk form av Karin. Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’. Uttrykket «Kari og Ola», brukt om den gjengse nordmann, viser at Kari har vore eit svært vanleg namn i Noreg. På 1700-talet var det såleis det nest mest vanlege namnet (etter Anne/Anna). Nordafjells er Kari brukt som namn på kråka.
Kari
Personar med namnet Kari
Kulturell bruk
- «Kari Trestakk» er eit eventyr nedskrive av Asbjørnsen.
Kjende personar med namnet Kari
Eit utval personar med namnet Kari, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kari Diesen (1914)
- Kari Nyquist (1918)
- Kari Vinje (1931)
- Kari Simonsen (1937)
- Kari Nissen Brodtkorb (1942)
- Kari Svendsen (1950)
- Kari Bremnes (1956)
- Kari Veiteberg (1961)
- Kari Slaatsveen (1963)
- Anne Kari Hansen Ovind (1965)
- Kari Traa (1974)
- Kari Elisabeth Kaski (1987)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Det vil ha interesse å presentere i same diagram det norske Kari, det danske Karen og det svenske Karin. Alle desse namna har felles opphav, helgennamnet Katarina. Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert form på norsk grunn av eit helgennamn, til dømes Berit av Birgitta og Marit av Margareta, har Kari hatt ein gradvis tilbakegang sidan tidleg på 1800-talet, men frå 1920-åra byrja namnet å stige bratt til ein topp rundt 1940. Det justerte namnet Berit har ein liknande kurveprofil.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: Norsk personnamnleksikon. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.