Hopp til innhold
X
Innhald

Karl

Karl er eit mannsnamn frå fellesgermansk som svarar til det norrøne karl, som tyder "fri mann". Namnet vart populært på grunn av frankarkongen Karl den store. Den latinske forma er Carolus. Namnet vert òg skrive Carl. Den engelske forma er Charles eller Charlie, den franske er Charles, Charle og Charlot, den italienske Carlo, den rumenske Carol og den spanske Carlos. Sideforma frå norrønt, Karli, er kjend som Kalle alt frå 1300-talet. No vert ho brukt mest uformelt. Kvinnenamna Karoline og Charlotte er kjende i Noreg sidan 1700-talet. Kortformer er Line, Lina og Lotte. Den engelske kortforma er Carol.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013